Når Støre droppar trusfridomen

i Artikler av

I utkastet til nytt partiprogram har Ap-leiar Jonas Gahr Støre og resten av komiteen droppa trusfridommen i utanrikspolitikken. Det lovar dårleg dersom han blir statsminister.

Gjesteskribent – tekst:
Johannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen

I mange land går det feil veg for Når Støre droppar trusfridomen. Det ropar etter norsk og internasjonal innsats.

I Pakistan kom nyleg ein ny dødsdom for blasfemi. Ein kristen firebarnsfar som har sete uskuldig i fengsel i sju år i Lahore, blei dømt til henging. Saka er anka til høgsterett. Det kan godt henda at han ein dag blir frikjend, men i så fall etter årelange prosessar og mange nedbrytande år i fengsel. Kona har eineansvar for fire barn og er no redd for ekstremistar. I haust blei ein ahmadya-muslim som også var tiltalt for blasfemi, drepen av ekstremistar i rettssalen.

Riv kyrkjer, øydelegg krossar
Under president Xi Jinping i Kina har undertrykkinga av religion ikkje vore så ille sidan den blodige Kulturrevolusjonen som tok slutt i 1976. Mange kyrkjer, moskear og buddhistiske tempel er blitt stengde og jamvel jamna med jorda. Tusenvis av krossteikn er rivne ned av kyrkjer og erstatta med kinesiske flagg. Kommunistisk propaganda og overvakingskamera er tvinga inn i gudstenester. Fleire pastorar og prestar er blant dei mange samvitsfangane i Kina. Kina har hausta internasjonal kritikk for overgrepa mot den hovudsakleg muslimske folkegruppa uigurane. Men brutaliteten i Kina handlar også om undertrykking av all religion. Kina er slett ikkje i stand til å kvela gudstrua. Men vi skal likevel stå opp for dei undertrykte.

Ekstremistar går fri i India
I India har den hindunasjonalistiske regjeringa til Narendra Modi frå BJP stramma til politikken mot minoritetar. Verst går det ut over muslimar. Den offisielle politikken gjev friare spelerom for hinduekstremistar som rammar muslimar og kristne med både hatefull retorikk og vald. Det er urovekkjande vekst i valdsåtak mot kristne.

Utviklinga i Kina og India er blitt verre og verre gjennom dei åra som utgjer dei to siste styortingsperiodane. Xi Jinping kom til makta i Kina i 2013, Narendra Modi blei statsminister igjen i India i 2014 og attvald i 2019.  Vi kan også nemna Iran som burar inne menneske som har gått frå islam til kristen tru, eller pressar dei ut av landet. Forfølginga av bahai-samfunnet er like sterk. Irak har ikkje gjort noko for å gje borgarrett for kristne og jesidiar og andre minoritetar som blei brutalt jaga på flukt eller til og med slakta ned av IS frå 2014.

Feil veg
Når utviklinga går feil veg, skulle vi tru at den politiske merksemda i Noreg var veksande for rettane til religiøse minoritetar. Noko tyder på at det diverre ikkje er tilfelle.

Vi har venta spent på nytt programutkast frå Arbeiderpartiet og parti- og komitéleiar Jonas Gahr Støre. I dagens program (side 87) seier Arbeiderpartiet kort at «ytringsfrihet og trosfrihet» er under press. Dette vert understreka i eit avsnitt som også nemner likestilling og arbeidstakarrettar. Rett nok seier programmet ikkje kva partiet vil gjera for trusfridommen. Vi har difor på fleire måtar utfordra alle partia til å bli meir tydelege i kampen for trus- og livssynsminoritetane. Ja, dei partia som ikkje seier eit einaste ord i programma sine, er blitt utfordra til i alle fall å seia noko.

Viktige rettar
Mange viktige menneskerettar er spesifikt nemnde i programutkastet frå Jonas Gahr Støre og resten av komiteen, som likestilling. Kampen for frie medium og uavhengige domstolar er viktig. Det same er vernet om sivile og barns rettar i krig og konflikt. Sikring av arbeidstakarrettar er avgjerande. Folk skal heller ikkje forfølgjast på grunn av seksuell legning. Demokratiske krefter som fagrørsler og sivilsamfunn elles må støttast, for å nemna nokre av punkta frå Jonas Gahr Støre.

Sporlaust borte
Men like fullt var det skuffande å gå inn i programutkastet . Den korte, men likevel tydelege omtalen av trusfridom under press i dagens program, er sporlaust forsvunnen (side 112). Sakleg sett er det altså ingen grunn til det. Tvert imot er det større grunn til å seia dette i dag enn då det førre programmet vart vedteke.

I programutkastet for innanrikspolitikken er det på den andre sida eit heilt kapittel  om tru og livssyn (side 87). Arbeiderpartiet er oppteke både av eit livssynsope samfunn og av kontroll av religiøse samfunn.

Norsk religionspolitikk er viktig. Vi har likevel undra oss over kor oppheta og polarisert den norske religionspolitiske debatten er og kor stor iver det tidvis er etter å koma med nye inngrep mot religiøse minoritetssamfunn. Her er det større vilje til å bruka våre tids maktmiddel enn dialog og samtale. Det er grunn til å åtvara mot at den politiske energien blir oppbrukt innanfor Norges grenser og at det ikkje blir kraft igjen til å oppgjer med dei regima som brutalt forfølgjer religiøse minoritetar eller let ekstremistar straffefritt gå laus på dei same minoritetane.

Påfallande endring
Dagens regjering har trappa opp innsatsen for trus- og livssynsfridomen. No har vi i Stefanusalliansen nettopp utfordra Høgres programkomité som også har stroke trusfridomen i kapitlet om utanrikspolitikk.

Men her handlar det altså om Arbeiderpartiet og Jonas Gahr Støre som tek mål av seg til å bli statsminister neste år. I si tid som utanriksminister gav han signal om styrkt engasjement for religiøse minoritetar. I den vidare handsaminga av programutkastet er den sterke utfordringa: Skriv klart og tydeleg at trusfridommen er under urovekkjande press, ikkje minst i store og mektige land som India og Kina. Lag strekpunkt som seier at trus- og livssynsfridomen og rettane til utsette religiøse minoritetar må takast opp i bilateral dialog, i breie alliansar gjennom FN og andre internasjonale fora og at dette også er eit viktig satsingsområde i utviklingspolitikken.

Vi i Stefanusalliansen stiller gjerne opp for å fortelja også om arbeidet som vi, med støtte frå Utanriksdepartementet, har gjort for å løfta trusfridom for kvinner. Vi kan også få fram uroa over at USA for tida politiserer religionsfridomen og viser tendensar til å krevja at andre rettar må vika.

Statsministerkandidat Jonas Gahr Støre må syta for at kampen for trusfridomen kjem inn att i programmet for utanrikspolitikken – og at den vert tydelegare utforma enn i dagens program. Han kan vel ikkje meina at den skal takast av plakaten? I så fall er risikoen at han passivt let Narendra Modi i India og Xi Jinping i Kina halda fram med undertrykkinga av minoritetane sine.